Det norske språket er vitalt og levande. Men dersom vårt felles språk mistar relevans på nokre av våre viktigaste arenaer, er vi ille ute. Difor kan vi ikkje tillate at norsk blir stadig mindre brukt i undervisning og forsking ved universiteta og høgskulane våre.

Eit felles språk bidreg til effektiv kommunikasjon og samhandling på alle område i samfunnet. Språket er berar av den offentlege samtalen, av historie og kultur, og er eit grunnlag for brei deltaking i demokratiet vårt.

I fjor fekk Noreg ei ny språklov. I lova blir det slått fast at norsk språk treng vern og støtte, og at det offentlege har eit særleg ansvar for å bruke, styrke og utvikle språket. Vi lever i ei tid der norsk språk blir utfordra på ulike felt, og særleg påverknaden frå engelsk blir stadig sterkare. Regjeringa vil sikre at norsk framleis skal vere eit fullverdig og samfunnsberande språk i landet vårt. Det ligg òg bak framlegget vårt til ny boklov der vi føreslår fastpris for lærebøker for høgare utdanning og fagbøker. No følgjer vi opp språklova og boklova med ein handlingsplan for norsk fagspråk i akademia. Planen skal vera konkret, offensiv og ambisiøs. Målet er å sikre framtida til det norske fagspråket.

Handlingsplan for norsk fagspråk

Handlingsplanen er eit samarbeid mellom Kunnskapsdepartementet og Kultur- og likestillingsdepartementet, og vil bli lagt fram før sommaren. Arbeidet med å få innspel er godt i gang, både gjennom ein brei invitasjon til å kome med skriftlege tilbakemeldingar og gjennom møte med ulike aktørar.

Frå regjeringa si side har vi allereie stramma til monaleg når det gjeld bruk av norsk gjennom tildelingsbrevet til universitet og høgskular. Vi har mellom anna stilt krav om at  utanlandske undervisarar som hovudregel må lære seg norsk, noko som føreset at institusjonane må stille med naudsynt språkopplæring. Vi har også stilt krav om at ph.d.-avhandlingar og master- og bacheloroppgåver som er skrivne på eit anna språk, skal ha samandrag på norsk.

Det har kome positive signal frå institusjonane om at dei vil ta norsk språk meir på alvor framover. Samstundes ser vi at utviklinga no er komen så langt at vi må ta kraftfulle grep mens det er enno er mogeleg å snu nedgangen for norsk språk til oppgang.

I planen vil vi både lansere nye tiltak og samordne dei tiltaka som allereie er iverksette. Til dømes tar vi sikte på å bruke revisjonen av universitets- og høgskulelova til å styrke norsk fagspråk. Her vil vi også tydeleggjere føringa som har vore i lova heile tida om at undervisningsspråket i høgre utdanning her i landet til vanleg er norsk.

Skal vi klare å ta tilbake norsk som fagspråk i akademia, må universiteta og høgskulane sikre at nye fagtermar blir utvikla på norsk, og at studentane lærer seg å bruke desse. Vi må ha gode kanalar for norskspråkleg forsking og formidling, ikkje minst når det gjeld læremiddel. Universiteta og høgskulane må også tilby god opplæring i norsk til sine internasjonalt rekrutterte undervisarar. I tillegg må norsk akademia sjå framover og bidra til at framtidas teknologi, som til dømes dei nye samtalerobotane, blir utvikla også på norsk.

Det norske språket er under press i høgare utdanning

For alle som ikkje har sitt daglege virke innan akademia, er kanskje ikkje utviklinga de siste åra godt nok kjent. Det såkalla domenetapet for norsk språk har skjedd i dramatisk hastigheit og omfang: Rundt 90 prosent av den vitskaplege publiseringa frå norske institusjonar er no på engelsk. I naturvitskap og teknologi blir det knapt publisert norskspråkleg forsking i det heile. I humaniora er forskingspublikasjonar på norsk redusert frå 42 til 27 prosent frå 2011 til 2019. I høgare utdanning er tendensen den same, men enn så lenge er norsk framleis det dominerande språket. Men også her skjer det raske endringar: delen framandspråklege emne har auka frå om lag 13 prosent i 2009 til 28 prosent i 2021. På litt over eit tiår er engelskmengda meir enn dobla. Snart blir annakvar masteroppgåve skriven på engelsk. Det er derfor all mogleg grunn til å handle.

Det handlar kort og godt om samfunnsoppdraget til norske universitet og høgskular. Dei er offentlege institusjonar som er finansierte av det norske samfunnet, og som skal vere til nytte for samfunnsliv og næringsliv i Noreg. Dei skal drive med forsking og god undervisning, og dei skal formidle resultat frå forskinga til det norske samfunnet. Det forpliktar. Ni av ti studentar ved norske høgare utdanningsinstitusjonar går ut i eit arbeidsliv der norsk er arbeidsspråket. Dei skal behandle pasientar, undervise elevar og tilby varer og tenester til ei befolkning som i all hovudsak snakkar norsk. Kvaliteten på tenestene heng tett saman med språket.

Det er vedteken politikk at norske universitet og høgskular skal drive aktiv internasjonalisering, både gjennom studentutveksling og forskingssamarbeid. Norske forskarar skal delta aktivt i den internasjonale produksjonen og utvekslinga av kunnskap. Men internasjonalisering må ikkje føre til at ein snur ryggen til det norske samfunnet.

Om norsk ikkje blir brukt og kontinuerleg utvikla som fagspråk, vil det raskt gå tapt og miste sin relevans. Det vil vere eit tap både for oss som kunnskapssamfunn og for språket, dersom vi ikkje lenger kan kommunisere om alle tema på norsk . Det er derfor ekstra urovekkande at dette er ein av sektorane der skiftet til engelsk går raskast, og der både bokmål og særleg nynorsk taper terreng. Difor blir det understreka i Hurdalsplattforma at norsk språk skal løftast fram i høgare utdanning og forsking, og difor er det naudsynt med kraftfulle grep framover.

Forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp)

Kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen (Ap)