– Ein går baklengs med fødetilboda i landet

– Vi ber no helseregionane og helseministeren om å ta fødande kvinner på alvor, skriver Aina Alfredsen Førde i Norges Kvinne- og familieforbund etter at fødestua i Alta ble stengt forrige uke.

Illustrasjon.  Foto: Samfoto

Meninger

Vi les i media at fødestua ved helsesenteret i Alta er stengt sidan 10. februar på grunn av ei «uønskt hending». Gravide vert vist vidare til Tromsø og Hammerfest.



Alta er den største byen i Finnmark og ligg 140 kilometer unna lokalsjukehuset i Hammerfest. For å komme seg til Hammerfest frå Alta må ein over fjellovergangen Sennalandet. Denne fjellovergangen har mellom 1.10.2019 – 4.02.2020 vore stengt eller kollonnekøyrd 52 gonger, og stengt 310 timer. Flyplassen i Hammerfest har og vore stengt ein del i vinter.


10 mil vei som «aldri» er stengt gir sykehus, mens 14,5 mil med 308 timer stengt på 2 måneder ikke er nok til en utredning

Rana-regionen og Alta-regionen er like store, likevel mener Helse Nord og helseministeren at utfordringene med uvær og avstandene på Helgeland er så store at de må ha akuttsykehus. Men i Rana er det kortere til sykehus, langs en vei som aldri er stengt...


Vi veit alle at det å føde barn er den største belastninga kroppen til ei kvinne skal gjennom, og med lang og vanskeleg reiseveg vert det ei ekstra belastning både for den fødande, men og for dei pårørande.

Vi lurer på kva beredskapsplanen til helseregionen/ helseministeren er?

Dette er berre ei av mange hendingar der fødande får unødvendige ekstra belastningar med lang og vanskelege reisevegar til fødeavdelingar.

Landets statsminister, Erna Solberg ber norske kvinner føde fleir barn, samtidig som ein går baklengs med fødetilboda i landet.

Vi ber no helseregionane og helseministeren om å ta fødande kvinner på alvor! Det er dei som skal bere fram nye statsborgarar.

Aina Alfredsen Førde, forbundsleder

Norges Kvinne- og familieforbund