– Sp er et ansvarlig distriktsparti

Ein offensiv distriktspolitikk gagnar ikkje berre dei minste plassane, skriver Lodve Svare

Lodve A. Svare i Senterpartiet.  Foto: Privat

Meninger

Kven skal styre Norge framover? Og kor sterk (eller halvhjerta) er politikarane sin vilje til å ta heile landet i bruk? Skal verdiar skapast og gode liv levast på både små og store plassar i Finnmark også i framtida? Eller er alt snakk om «distriktene» berre prat på tomgang? 

Eitt parti tronar suverent på toppen når det gjeld å ha eigarskap til og truverde og tillit hos folk i distriktspolitikken. Dette er det gode grunnar til.

Senterpartiet meiner at vi som nasjon bestemmer sjølve korleis Norge skal sjå ut – i dag og i framtida. Vi kan stoppe sentraliseringa og utvikle heile landet viss vi berre prioriterer rett og bruker dei politiske verktøya som trengst for å få det til. Det er ingen grunn til at folk ikkje skal kunne bu der dei allereie bur eller ønskjer å bu. Og sett frå hovudstaden er heile Finnmark (og resten av Nord-Norge) «distrikt».

Ein offensiv distriktspolitikk gagnar difor ikkje berre dei minste plassane, men òg alle byar og tettstader i nord. Distriktspolitikken er grunnlaget for at Finnmark og Nord-Norge kan vere det attraktive framtidslandet det faktisk er og for at regionen skal kunne utvikle seg på linje med resten av landet.

Sps Nord-Norge-plan legg særleg vekt på arbeidsplassar, god og nær beredskap, fiskeri og næringsutvikling som gir berekraftig vekst og utvikling lokalt, desentralisert utdanning, helse og ei lang rekke viktige samferdsletiltak. Sp vil endre den statlege finansieringa av kommunar og fylke slik at store avstandar og lågt innbyggjartal ikkje automatisk inneber eit dårleg tenestetilbod.

Vi har programfesta at kommunar med distriktsulemper skal kunne inngå bygdevektsavtaler, der staten gir støtte til skreddarsydde næringstiltak tilpassa dei lokale utfordringane. Sp går også til val på å senke skatte- og avgiftstrykket for folk med vanlege inntekter, eksempelvis lærarar, sjukepleiarar, sjøfolk, bussjåførar og pendlarar. Vi vil få bukt med dei delane av skatte- og avgiftssystemet som rammar geografisk eller sosialt skeivt og som bidrar til større skilnader mellom folk.

Finnmark er mangfaldig og rikt – på naturressursar, initiativ, engasjement, samhald, skaparglede, gode liv og – framfor alt – sterke, sjølvstendige menneske med vilje og tru på framtida. Denne fantastiske landsdelen, med alle sine særtrekk og naturlege føretrinn, skal vi saman utvikle vidare, alle vi som er kvænar, samar, nordmenn – og nye og gamle finnmarkingar med ein annan bakgrunn. Fordi vi bur og lever liva våre lokalt er kommunen som infrastruktur, tenesteytar og tilretteleggjar særs viktig. Og så må fylket og staten stille opp og gjere sin del slik at livet kan levast til fulle og verdiar skapast her nord også i framtida.

Senterpartiet sin distriktspolitikk er ramme alvor. Og viktig for oss alle.


Lodve A. Svare

2. nestleiar og listekandidat ved

stortingsvalet for Finnmark Sp