Norsk grønnmalingsindustri

– Dersom naturmangfoldlova og forureiningslova hadde blitt tatt på alvor i Noreg, ville ingen av dei nemnde gruvene fått konsesjon, skriver Svein Lund i dette debattinnlegget.

Illustrasjonsbilde fra Sydvaranger gruver.  Foto: Jan-Morten Bjørnbakk

Meninger

Du har vel aldri hørt om organisasjonen «Norsk grønmalingsindustri». For sjølvsagt heiter han ikkje det. Det ville vere for avslørande. Formelt heiter han Norsk Bergindustri. Men han har ei viktig oppgåve i det norske samfunnet: Han skal forsvare dei største planlagte forureiningane i norsk historie og framstille dei som miljøvenlige, bærekraftige og delar av det grøne skiftet.

I løpet av siste året har det skjedd fire viktige hendingar i norsk mineralnæring: Nussir og Nordic Mining har etter ti års lobbying fått konsesjon for å fylle opp store delar av Repparfjorden og Førdefjorden med gruveavfall. Bindal gruver har søkt konsesjon for gullgruve, der avfallet også skal dumpast i fjorden. Og ikkje minst, regjeringa har gjort det klart at det skal satsast på gruvedrift på havbotn, noko som igjen vil bety storstilt dumping av gruveavfall i sjø. Samtidig blir det arbeida for ei rekke andre gruveprosjekt, som vil bety stor forureining og/eller store naturinngrep. Eit par eksempel er Elkem sine prosjekt i Tana og på Saltfjellet, som begge kjem i skarp konflikt med reindrifta. Til saman utgjør desse gruveplanane alvorlige trugsmål både mot naturen på land og i sjø, mot fiskerinæringa og reindriftsnæringa.

Dersom naturmangfoldlova og forureiningslova hadde blitt tatt på alvor i Noreg, ville ingen av dei nemnde gruvene fått konsesjon. Både frå miljørørsla, næringar som blir ramma, samiske organisasjonar m.fl. har det blitt arbeida hardt for å påverke styresmaktene til å avvise desse planane. Men styresmaktene er her under dobbelt eld, og dei blir også påverka frå andre sida, frå grønvaskingsindustrien.

På nettsida deira, norskbergindustri.no, kan vi av og til få eit lite glimt inn i dette. Nylig hadde dei eit møte med Klima- og miljødepartementet. Vi siterer frå NB sitt eige referat: «Tema for møtet var Bergindustriens målrettede arbeid for å løfte bærekraft og miljø, samtidig som vi ønsket å få frem mineralenes avgjørende rolle for vårt moderne samfunn... Statssekretær Holsen synes det var en svært interessant og lærerikt møte og Anita var fornøyd med at vi fikk frem budskapet om at bergindustrien er en fremoverlent næring som tar sitt miljøansvar på største alvor.» Kvifor møtte dei så KLD og ikkje Næringsdepartementet som arbeider med mineralsaker? Sjølvsagt fordi det er KLD/Miljødirektoratet som gir utsleppsløyve. Kan nokon førestille seg at dei ba KLD vere strengare med løyve til utslepp og legge meir vekt på miljøet?

7. september 2020 inviterer Grønmalingsindustrien, orsak Bergindustrien, til informasjons- og debattmøte, som dei sjølv kallar eit "politikermøte". Dette ser ikkje ut å vere offentlig publisert, men vi fann det fordi KLD igjen er blant dei inviterte. Møtet har tittelen «Et skråblikk på mineralnæringen». Skråblikk blir gjerne oppfatta som eit kritisk blikk eller ei uventa vinkling, men dette ordet synest her noko malplassert, ettersom det heile går ut på å propagandere kor bra norsk mineralnæring er.

Vi siterer frå møteinvitasjonen:

Mineralske råstoffer ligger til grunn for enhver industriell verdikjede og ethvert grønt skifte. ... vi har ... et av verdens strengeste miljø- og HMS regelverk. Den norske mineralnæringen tilbyr langsiktige, lønnsomme, miljøvennlige industriarbeidsplasser i hele landet. Samtidig er næringen ofte forbundet med sterke følelser og til dels sterk kritikk allerede før en virksomhet kommer i drift.

At dette er ei total forvrenging av realiteten har eg dokumentert i bokserien Gull, gråstein og grums (http://gruve.info). Her må eg nøye meg med å nemne at Noreg er det einaste landet i verda som aktivt propaganderer at gruveavfall skal kastast i sjø og at dei «lønnsomme arbeidsplassene» har stått for dei største konkursane i norsk historie. Siste setning viser at ein ikkje forstår og ikkje vil forstå kvifor slike planar møter motstand.

Programmet for møtet er eit heilt einsidig forsvar for dagens gruvepraksis, inkludert sjødumping. Her er ikkje plass for kritiske røyster. Det internasjonale innslaget er «An introduction to Towards Sustainable Mining (TSM)», ved ein representant for Mining Association of Canada. Til orientering er TSM det vi kan kalle Kanadisk grønmalingsindustri, som grønmalar naturrasering og overgrep gjort av kanadiske gruveselskap rundt om i verda, under dekke av store ord om bærekraft og grøne gruver. Det er å snu verda på hovudet. Den same oppgåva som Norsk Bergindustri har her heime.

Eg har hatt kontakt med ganske mange folk i leiinga for norske bergindustribedrifter. Hovudinntrykket mitt er at dei har eit realistisk forhold til dei utfordringane dei står overfor i forhold til forureining, økonomi og teknologi. Leiinga i Norsk Bergindustri ser det derimot som si oppgåve å dekke over problema som næringa har skapt i fortida, skaper i dag og vil skape i framtida dersom noverande planar blir realisert. Denne grønmalinga er ikkje bare eit trugsmål mot naturen og mot andre næringar, men også mot framtida til norsk mineralutvinning.

Svein Lund, Forfattar, Gull, gråstein og grums