– Fylkeskommunen bør sjøl drive med bussdrift

Toppkandidatene i SV vil droppe anbud, skriver de i dette innlegget.

Illustrasjonsbilde  Foto: Lill Vivian Hansen

Meninger

Troms og Finnmark SV har programfesta at fylkeskommunen skal drive kollektivtransport med buss sjølv i staden for å legge det ut på anbod. Dette er det vi kallar å drive i eigenregi.

Denne veka starta busselskapet Tide å drifte bybussane i Tromsø og regionbussruta mellom Tromsø og Narvik. Begge delar er kontraktar på oppdrag frå Troms fylkestrafikk, det vil seie Troms Fylkeskommune. Når desse og andre kontraktar går ut, vil SV at fylkeskommunen skal drifte rutane sjølv. Vi skal i fellesskap eige bussane, oppstillingsplassar, og ikkje minst skal sjåførane vere fylkeskommunalt tilsett.

Korfor vil vi det? Av fleire grunnar.

For det første er anbodsprosessar noko av det mest byråkratiske ein fylkeskommune held på med. I dag er det ein stor prosess med å sikre at sjølve utlysinga av eit anbod er god nok, samtidig som det er vanskeleg å endre ting undervegs i kontraktsperioden utan at det koster masse pengar. Det er meir advokatmat enn politisk styring om ein kontrakt ikkje blir fulgt opp fullt ut – sånn som vi til dømes ser med ambulanseflya i dag. Dette er tid og pengar som kan brukast på å drifte godt. Pengar som settast av til tenester skal brukast på tenester.

For det andre vil dei tilsette vera sikra ein god pensjon, og ei lønnsutvikling på linje med andre arbeidstakarar. Ofte er det krav om såkalla «verksemdsoverdraging» i anbod, noko som betyr at sjåførar som blir med over frå eit selskap til det neste, får behalde det lønnsnivået dei hadde, og det meste av anna arbeidsvilkår også. Men dette er berre garantert ut den kommande tariffperioden på inntil to år. Etter dette kan den nye arbeidsgivaren seie opp godane dei tilsette hadde med seg. Dei er heller ikkje garantert noko lønnsutvikling etter overdraginga, så om det nye selskapet har lågare lønn enn det gamle, kan dei risikere å bli ståande «på staden kvil» i lønn, noko som i praksis vil vera reallønnsnedgang. For å vinne eit anbod må jo tilbydarar halde kostnadar nede, og ein stad å kutte kostnadar er jo på pensjon, lønns- og arbeidsvilkår.

For det tredje vil det å drive kollektivtrafikken i eigenregi gjere det mogleg å bevare og utvikle kompetansen hos dei tilsette på ein enno betre måte. Det hjelper at sjåførane som oftast får bli med over til nytt selskap i eit anbod – men for eit selskap som er på slutten av sin anbodsperiode er det lite å vinne på å tilby kompetansepåfyll for sine tilsette. Anbodsregimet gjer at selskapa tenker i fire-, seks-, eller åtteårssyklusar, ikkje kontinuerleg forbetring.

For SV er det viktig med gode tenester til befolkninga. Dei beste tenestene driv vi i lag i fellesskap.

Kirsti Bergstø,

fylkesordførerkandidat

Bjarne Rohde, fylkesleiar og 2. kandidat

Troms og Finnmark SV