Natt til fredag skreiv du at du skjemmest av heimbyen din –  og min – Alta. Du meinte at miljøet her gjorde at du endte opp på ein institusjon, og at «bygda» er gjennomsyra av stygge menneske. At moralen til folk her er stappa langt oppi ræva, og at vi ikkje ensar at det er feil. At vi er uanstendige menneske som drikk oss dritings kvar helg. At det ikkje er rom for å vere annleis her oppe, fordi det fører til baksnakking, mobbing, hat, og hets!

Dette er ikkje hat, hets, eller drittslenging. La meg fortelje deg om mitt Alta! Mitt Alta er ikkje skjellsord, fjortisjenter, og alkohol. Eg har budd i Alta så lenge eg kan hugse. Det er her eg har vakse opp, og det er her eg har funne ut kven eg er. Eg har venner i Alta som eg fekk i barnehagen, på barneskulen, på ungdomsskulen, og som eg fekk etter at eg byrja på vidaregåande. Dette skriv eg klokka halv tre natt til laurdag. Eg har venner i Alta som sannsynlegvis ligg og søv no. Eg har i  Alta venner som sannsynlegvis er på fest i Tverrelvdalen, og skaper minne dei ikkje vil hugse i morgon. Eg har venner som sannsynlegvis ser One Tree Hill og et yoghurtis no. Eg har venner som sannsynlegvis søv i nokon andres seng no, og som sannsynlegvis ikkje har fortalt mora si kor dei er. Eg har venner som er leiarar for konfirmasjonsleir no. Eg har venner på ungdomsheim og institusjonar no.

Eg har venner i Alta som røykar; venner i Alta som snuser; venner i Alta som drikk; venner i Alta som dampar både brunt og grønt; venner i Alta som har teke abort; venner i Alta som har sniffa dospray for å få ein rus. I tilleg har eg venner i Alta som er politisk engasjerte. Eg har venner i Alta som vier fritida si til musikk, skiskyting, teater, dans, svømming, fotografi, og handball. Eg har venner i Alta som vier fritida si til å hjelpe mindre heldige. Når eg tenker på Alta, tenker eg ikkje på mobbing og baksnakking. Eg tenker på kultur og idrett. Eg tenker på Aronnesrocken, Alta Soul- og Blues-festival, Huset, UKM, Borealis-festivalen, Kulturskolen, Folkebiblioteket, Nordlyskatedralen, kom.inn!, Nordlysbadet, og CITY Scene. Eg tenker på BUL og Alta IF: fotball, handball, langrenn, og skiskyting. Eg tenker på motocross, taekwon-do, judo, karate, paintball, skateparken, og SarvesAlta Alpinsenter. Eg tenker på seine sommerkveldar ved Gakorivatnet, der vi sov i telt, og bada i det iskalde vatnet under midnattssola.

Eg tenker på scooterturar i mørket, og snøhula som var litt for trang for oss alle. Eg tenker på Wirkola-filmen vi såg på kino, og Wirkola-filmen fleire av vennene mine var ein del av.! !

Det bur tjue tusen menneske i Alta. Det er to tusen ungdommar som går på skule i Alta. To tusen forskjellige ungdommar. Ja, i ein kartong med to tusen egg, er det nokre som er råtne. Men det er framleis eit stort fleirtal som er speilegg, blautkokte, hardkokte, eggerøyre, eggedosis og omelettar. Nokre hamnar i pasta carbonara, og nokre havnar i ein Red Eye. Eg veit ikkje om du har merka det, men eg er ikkje typen til å blande meg i mengda. Eg er ein fluffy, nynorsk, bebrilla ungdomspolitikar med tversover. I førsteklasse på Gakori skule var det ein i klassen min som kalla meg «tjukkebolla feiten» og ikkje lét meg leike med ham ein haustdag. Etter det har eg ikkje opplevd særleg til mobbing eller hets av noko slag. Alta godtek at ein stikk seg ut, men det finst ulike måte å stikke seg ut på. Eg er ein av dei som valde ein anstendig måte

Bloggen din har eit stort publikum; tenk over kva du skriver. Du har rett. Anstendig er ikkje eit ord ein kan bruke om alle frå vår heimby. Vi har begge to vald å reise oss i robåten. Pass på å ikkje falle utanfor. Alta er min by, og Alta er vår by.

Sivert Isaksen-Warth

ARTIKKELFORFATTEREN: Sivert Isaksen-Warth